Sagn

Forord:
Det er en del sagn i forbindelse med Gudfjelløya.
Sagnet forteller at samene hadde offerplass oppe på Gudfjellets platå, hvor det er en sprekk i fjellet der samene ofret reinsdyr.
Martin Bjerken skrev i sin tid en historiebok, bygdebok  for Grong, Harran, Namsskogan og Røyrvik. Et langt og rikt liv vart forunt Martin Bjerken, og da han døde 18. desember 1970 var han langt innpå 102 år gammel. Vi tar med en del av det han har skrevet i bygdeboka. 
De samme sagna som vi har tatt fra Martin Bjerkens bygdebok, har vi også lest i gamle aviser  i fra 1800-tallet.

Historie/sagn
Kilde: Grong bygdebok av Martin Bjerken

Finnane var frå fyrst av heidningar som hadde sine eigne gudar, som dei bad åt og som dei ofra åt. Paul Resen som var kapellan i Overhalla, nemner deres gamle Avguds-Dyrkeri med ofringer -på Høiene». Her i Namdal hadde dei 2 slike offerstader. Det var Foldalshatten i Foldereid og Tunsjøguden i Røyrvik. Oppe på Gudfjellet (Tunsjøguden) skulle det vera ei revne i fjellet, og i denne revna ofra dei rein og andre ting, og det har vore sagt at dei ein og annan gong kjøpte krøtter hjå bøndene, som dei brukte til offerdyr. Dette Gudfjellet ligg på ei øy midt ute i Tunsjøen og skal vera 814 meter over havet og er ein forvitneleg stad som det ikkje var noko rart at finnane tok i bruk som offerstad. Det har gått fleire segner om ofringane på Gudfjellet, som kvart år vart halde for å ofra åt guden Jomola. Kvar kasta gåva si ned i den åpne sprekka, og då offersteinen låg attmed sprekka, rann offerdyrets blod ned i sprekka. Der vart halde store festar og etter at dei som var med hadde metta seg med blod av reinen og drukke flogosoppbrennevin, dansa dei sine ville dansar omkring offersprekka og ropa på Jomola. Den siste fest som segna melder om, skulle vera eit bryllaup. Etter at den eigentlege seremoni var slutt, lokka ein ung finn - som foreldra åt brura hadde vraka - brudgommen med seg bort frå festen til eit bratt stup på fjellet og skuva honom utover. Han fekk så gjestane til å drikka seg frå sans og samling, og så tok han brura og sette ho attmed offersteinen. Der skulle ho stå til brudgommen kom og henta ho. Medan brura smila og såg på, fekk han gjestelyden til å ta kvarandre i handa og dansa i ring om henne medan dei song ein eintonig song. Dansen og songen vart villare og villare, og ringen vart no og då broten av at ein eller annen stupte. Plutselig kastar alle seg over brura, og med ein vill song åt guden støyter dei knivane sine i ho og blodet hennar renner ned i offersprekka. Då tek den unge finnen henne og lyftar ho frå steinen og trykker munnen sin mot eit av såra og drikker blodet hennar. Dagen etter, då dei vaknar etter den sanselause rusen sin, tek dei fæle over det som er gjort og reiser frå fjellet. Etter dette blodbryllupet skal finnane ikkje ha halde nokon fest på Gudfjellet. Dette er teke frå ein artikkel av O. S. Avatsmark i Nidaros nr. 257 i 1928.  

Oppe mot svenskegrensa ligg der ein stor sjø, Tunsjøen dei kalla. Han er på lag 3 mil lang og noko brei. Der er nokre få gardar som ligg langt frå kvarandre omkring sjøen. Elles er det skogland. Midt ute i sjøen ligg der ei øy med eit høgt fjely. På den eine sida er det bratt opp, men på den andre sida er det meir langslutet, og der veks det noko skog, og no er det bebuar ut på øya. Ovenfrå høgda oppå fjellet er der ei djup revne nedgjennom som skal gå like til sjømålet vert det sagt. I denne revna fortejler dei at finnane i gamle dagar ofra rein, penger, hunder og andre ting som dei kasta ned i revna åt guden, og fjellet vert difor også enno kalla   ”Guden” (Gudfjellet). Sume tider kjøpte dei krøter til ofring hjå bondefolket som budde omkring. Det vart såleis fortald at dei eingong hadde kjøpt ein okse som var både feit og stor. Finnane førde stuten opp på fjellet, men han var for stor til å få ned i revna. Men så batt dei han der og meinte at guden tok honom vel der sjøl. Mannen som hadde selt oksen visste kva dei skulle ha honom til, og ei stund etter reiste han dit, løyste oksen og tok honom med seg heim. Omkring 14 dagar etter skulle finnane sjå deropp igjen. «Å sjå, de hi fell vøri eit godt offer, de fins ikkj beina att».

I året 1854 hadde guden nær fenget eit retteleg stort offer. Ei finnkjerring gjekk på fjellet og bar stokken med barnet i. Ho kom så nær bort i revna at ho datt nedi, men til all lukka vart stokken liggjande tvert over revna så at kjerringa vart hengande til dess ho fekk tak med hendene og fekk kravla seg opp. Den som fortalde dette la til at mora og barnet liver enno, og dette var sist i 1880-åra.

Ettersom det vert sagt, er det ellers ikkje berre som offersted at denne øya er merkeleg, det har også vore ei krigshending deroppe. Herom gjeng denne segni. I ufredstida mellom 1809 og 1814 kom der ofte fiendar frå Sverige opp på fjellet. På søraustsida gjeng der ei lita dallegd nedåt sjøen, men svært bratt. Der bukte finnane gjerne å ganga opp på fjellet. Men finnane hadde ikkje noko å berga seg med. Men så var det eingong då fiendene kom , då stelte finnane opp kjerrissane sine på fjellet, pakka dem fulle med stein og batt oppå dem nokre reinhorn. Fiendane tok til å ganga oppetter fjellet, men då dei kom nesten oppåt, skuva finnane kjerrissane med stein og horn utover dei. Sume vart drepte, nokre såra og dei som var uskadd tok til fotane. Finnane vart på denne måten berga og svenskane øydelagde, likeeins som skottane i 1612 i Kringen i Gudbrandsdalen. 

 

Historie/sagn
Kilde: Agnar Nordback. Publisert i Årbok frå Nord-Trøndelag Historielag for 1933.  

Det var før kristendommens inngang blant fjellfinnene. Med sine reinflokker streifet de om på viddene rundt Tunnsjøen. For disse naturmennesker, hvis liv var en kamp mot storm og skred og ville dyr, var det trauste fjell ute i Tunnsjøen blitt en gud som de tilbad og bragte offer. Oppe på fjellets platå var det et sted en sprekk så dyp at den nådde ned til vannflaten. Ved denne sprekken hadde finnene sitt offersted. Ned i det svelgende dyp blev reinsdyr og andre offergjenstander overlatt til fortæring av den mektige gud.

Men dette omflakkende liv på fjellet i storm og snø om vinterne var en hård kamp for tilværet, og den gamle bestefar og bestemor som ikke kunde hjelpe sig selv under flyttingen, blev til byrde for de andre. Derfor måtte de gi sig ”Guden” i vold og dø straks. De kunde velge mellom ”renskyss” og ”kaldbad”. Valgte de det første, blev de bundet fast i en kjærris (pulk), fikk ”godnattsupen” og skjøvet utover Gudfjellets bratte skrent. Valgte de det siste, blev hull hogget i isen, og bundene på hender og føtter forsvant de i Tunnsjøens mørke dyp.

 

FINNANE ELLER SAMENE

Historie
Kilde: Grong bygdebok av Martin Bjerkan
 

Finnar har det vore i Namdal frå gamal tid. Namnet har i den seinare tid vorte forandra til samer. Å tidfeste når dei tok bustad her er eit vanskeleg spørsmål, men at dei har vore her i fleire hundrad år må vera sikkert. Det er dei som har meint at dei er urfolket ikkje berre i Namdal, men i heile landet, men dette er ikkje så. Dei har ikkje vore det i Namdal, og om dei har vore det andre stader i landet blir eit spørsmål som berre vitskapsfolk kan avgjera. Men at dei har hatt tilhald i Namdal tidlegare enn i Rørostraktene må ein tru, då det i Namdal fins stedsnamn på samespråket, noko som det ikkje skal gjera i Rørostraktene. Lappekommisjonen frå 1898 er inne på dette spørsmålet og segjer mellom anna: Den påstand at lapperne i fordums tid har haft tilhold sydligere end nu såvel i Norge som i Sverige, og at de er de egenslige urbeboere som av Skandinaverne ere drevne nord og bort fra trakter, hvor de uhindret har kunnet føre nomadens levesæt tør formodentlig ikke lenger af nogen fastholdes efter at det uriktige i en sådan antagelse synes tilstrekkelig påvist ved den nyere tids videnskabelige forskning». Kommisjonen viser til professorane Gustav Storm, Yngvar Nielsen og Retzius' meining om dette. Det trulegaste er at dei har kome frå Nord-Noreg, og når dei kom til Namdal kan vera uvisst. Om dei har vore her føre svartedauen er det ingen som veit. Det er mest i Røyrvik og Namsskogan at dei har hatt sitt tilhald, for ikkje å snakka om Nordli og Sørli, som opphaveleg vart kalla Findlierne. Oppe i Røyrvik er det namn på både fjell og vatten som er finsk. Ein kan berre nemma Derga og Jåma og fleire vatten innover mot Børgefjellet, som har finske namn. Dette tyder på at dei har vore deroppe lenge før at andre bumenn sette seg ned der. Då det i dei fyrste av 1800-åra tok til med busetning i Røyrvik, lika finnane ikkje dette, og dei prøvde så smått å .hindra at det vart noko busetning. Dei meinte vel at då dei var dei fyrste som hadde hatt tilhald der, så skulle dei ha eineretten til heile strekninga deroppe. Det har vore fortald at då Anders Olsen i 1810 tok til å rydda i Huddingslia, prøvde finnane å plaga honom, men han hadde ord for å vera ein kjempekar, og så tok han ein tømmerstokk og ville dengja dei med, men dei vart då redd honom og torde ikkje seinare gjera honom nokon meinskap. Ei liknande historia er fortald frå Sørli om ein på Estil som var i fjellet og skulle setja seg opp ei setermastu, og då han var iveg og skulle løypa næver, kom der 3 finnar, og den eine flaug på honom, men denne Estilmannen var også ein meir enn vanleg sterk kar, og så tok han finnen og stappa honom ned i myra så det berre song, men då vart finnane redd og tok flukta. Det er vel fleire slike døme på at finnane prøvde å øva meinskap mot dei fyrste bureisarar i fjellbygdene, men dei måtte tilslutt finna seg i å få bumenn som næraste naboar, og det kom etterkvart sameining mellom finnane og dei nye bureisarar deroppe.

Finnane dreiv med rein og hadde beiteland i Røyrvikfjella og i Børgefjellet sumars tid, der det var såpass kjølig at kleggen ikkje kunne plaga reinen. Om vinteren tok dei og dreiv reinen utover dalen og fann beiteland i fjella i Grong, Høylandet og Overhalla, der det var mindre snø enn i Røyrvik og Namsskogan og lettare for reinen å grava opp reinmosen, som utgjer vinterføda hans. Det var også lettare for finnane å skaffa seg det dei trong i matvegen ute i bygda enn i fjellbygda, der det ikkje fanst handelsmann, noko som det var fleire av lenger ut i dalen. Dei gamle finnane budde i gammer, dei såkalla finnhus, som var bygd som eit telt og hadde åpning i toppen, så røyken kunne sleppa ut. Finnhusa var bygd av stenger som reisverk, og så var dei tekt med næver og torv. Dei husa dei bygde, når dei flytta ut i bygda om vinteren, hadde mykje godt tvitre som dekning utanpå nevra. Desse husa bygde dei i skogkanten, der det var lunt og der dei kunne finna vatn og ikkje for langt frå beitelandet åt reinen. Eldstaden hadde dei midt på golvet, og sengeplassen og arbeidsplassen rundt omkring eldstaden. Sengklæda var reinskinn som er eit ypperleg materiale både til sengklær og andre klær. Sengklæda var gjort som possar som dei smaug inni. Maten sin koka dei over varmen i gammane og her åt dei og heldt til med arbeidet sitt. Når finnane hadde lægra seg mot vinteren i ein eller annan skog, vart det kalla at dei «satt». Deira nasjonale bunad var både vakker og bekvem for deira yrke med mykje farting i skog og fjell. Passing av reinen var eit kravfult arbeide, og dei måtte vera på farten i fjellet både seint og tidleg. Både karar og kvinnfolk brukte ei kofte av tvitre og beinklær av same slag, men stasklæda var gjort av finare klæde. Om vinteren når det var kalt, brukte dei muddar eller pæskar, som det også heiter. Desse var av reinskinn og var varm, og så var dei så lett då reinskinnet er lettare enn noko anna skinn. Hanskar og sko brukte dei også av reinskinn, men vanlege sokkar brukte dei ikkje. I staden brukte dei «finnhøy» i skoane, og dette la dei inn i skoen på ein slik måte at det gjekk heilt rundt om foten og var rekna varmare enn sokkar. Dette høyet laga dei av eit gras som veks i fjella, og dei turka og kjemma det så det vart så fint som det finaste lin og var sterkt, så det same høyet kunne vara lenge.

Stasklæda som finnane brukte, var som nemnd gjort av fint klæde. Dei var gjort på same måten som bruksklæda. Kvinnfolka hadde alltid bordar på kjolane sine av raudt, grønt og blått klæde. Kragane både på mannskofta og kvinfolkkofta var av raudt klæde, og brystduken var jamnast av raudt ty og så var den utstasa med prydsaum, og så ha gjerne kvinnfolka ei mengd med ringlande sylvstas på brystduken sin. Huvane var topphuvar. Åt karane var dei blå, men åt kvinnfolka raud. Belte hadde både karar og kvinnfolk, og dei var pryda med perlar og anna prydsaum. Det var eit vakkert syn å sjå dei når dei ein høgtidsdag kom åt kirka i stasbunaden sin.  

I 1716 vart Thomas von Westen utnemnd til lektor ved latinskulen i Trondheim og med plikt til å leida misjonsarbeidet i Nordland og Finnmark. Han var godt skikka til eit sovore arbeide, då han hadde mykjen lærdom, og var veltalande og attåt ei eldsjel som ofra alt for den oppgåva han vart sett til å røkta. Dertil var han ein myndig mann og ikkje så lite stridbar, noko som var turvande for den oppgåva han no hadde fått som misjonsleidar. Han gjorde 3 misjonsreisar nordover, nemleg i 1716, 1718 og 1722, og på den siste reisa vitja han også Namdal. Han hadde på heimturen i 1716 vore ein tur til prestegarden Grande for å bli gjort kjend med dei religiøse tilhøva som finnane i Namdal hadde. Schavenius var då prest i Overhalla og hadde vore det frå 1705, men endå kjende han ikkje meir enn 4 finnefamiliar oppe i fjella og heller ikkje døypt meir enn 2 finneborn. Finnane som mest budde i Grong prestegjeld, kunne ikkje det norske språket og hadde liten kjennskap til kristendommen. Dei kunne kanskje segja fram herrens bøn og artiklane, men forstod lite av det. Den tidlegare prest, Peder Resen, hadde gitt dem høve til å få alterens sakramente, og det hadde også Schavenius gjort, då han ikkje ville bryta med det som var gjort før. Schavenius visste ikkje noko om deira overtro og trolldom, då dei låg så langt oppe i fjellet at ein ikkje kunne få vita noko om dei. Ingen av finnane vart gravlagt på kirkegardane. Dei begrov dei avlidne i fjella. Etter å ha vore på Grande hjå Schavenius og fru Juditta, reiste von Westen gjennom Grong og over Snåsaheia - denne elendige og besværlige vei over diger og moradser», så han for det meste måtte gå, og kom den 27. oktober til prestegarden på Snåsa, der han vart imotteken av presten Nils Muus og sonen Peter Johan Muus, som var kapellan hjå faren. Ein kunne heller ikkje her få tak i nokon av finnane, då dei oppeheldt seg i Lierne, der det var 2 kapeller, ett i Nordli og ett i Sørli. Finnane deroppe flytta også sume tider søretter like til Meråker og Tydal. Presten fortalde at finnane hadde noenlunde kundskab om deira saligheitssak. Men han visste også at dei hadde runebomma og brukte den. von Westen reiste no til Trondheim. På denne turen fekk han ikkje råka finnane i Namdal, og han fekk ikkje noko opplysningar om deira avguds- dyrking eller om deira trolldomskunstar.

Prestegarden i Overhalla låg ikkje laglegt til for at von Westen kunne halda møte med finnane. Han flytta derfor til Grong, der han kom den 6. februar og var til den 9. mars. Dit kom finnane frå alle kantar, og von Westen fekk fullt arbeide med å undervisa dei om kristendommen, men så prøvde han også å koma til bottens i deira heidenske forestillingar og deira trolldomskunstar. Før misjonsarbeidet tok til mellom finnane, <var de alle få undtagne aldeles ukjendte vilde hedenske barbariske folkeslag der aldrig kom ned til bygden i dalene. Prestane kjende dem lite. Dei som prøvde å virka på dei, kunne ikkje språket deira, og ikkje kunne finnane det norske språk.

Då det spurdest mellom finnane at von Westen ville koma og snakka med dei, likte dei ikkje dette. Dei hadde høyrd om honom nordanfrå, at han blanda seg inn i ting dei helst ville ha for seg sjøl. Noko slikt var ikkje Namdalsfinnane vant med. Dei prøvde difor å halda honom borte. Dei fekk då istand ei trollmesse, der dei kalla på alle dei djevlar dei visste namn på. Men dette hjalp ikkje, han kom, og dei fann at dei måtte møta opp.

Då von Westen fekk snakka med dei, ville han høyra om denne trollmessa, som han hadde fått nyss om. Han snakka med kvar einskild, og då han var ein sterk personlegheit, gjorde han eit sterkt inntrykk på desse naturborna og fekk såleis full greia på denne trollmessehandlinga. Den tok til i Teplingmarka og i Fotdalen den 2. januar og held fram i fleire dager. Han skreiv ned det dei fortalde om trollmessa og så las han det opp for finnane, og dei sa at alt var rett slik som det hadde gått for seg. Dei tilstod at dei hadde gjort alt for å «ombringe> ham, då dei ikkje ville gjeva slepp på deira gamle friheit. von Westen skrev frå Grong åt misjonskollegiet den 18. januar om at han har 70 finnar til åndelig behandling». I same skrivelse gjev han ei mørk skildring av dei religiøse førestillingar finnane hadde. «Avguderiet og mørkets makt vokser sterkere og sterkere jo lenger jeg kommer ad sønden som jeg har befundet alt fra Rødøen hertil. Men Thomas von Westens misjonsarbeide i Grong kan ikkje ha vore utan verknad. Det er fortald at han i 1723 var på Namsskogan og i Røyrvik og held messa attmed ein stein på Steinfjellet, som seinare er kalla Preikestolsteinen.

Thomas von Westen hadde mange vanskar å strida med i misjonsarbeidet sitt. Såleis skreiv han åt misjonskollegiet om dei vanskar bygdefolket, mest i Nordland, la i vegen mot arbeidet hans. Finnane vart kalla hundar og handsama som hundar. Det er ei mørk skildring han gjev av brennevinshandelen og brennevinsdrikkinga mellom finnane i Nordland. Der vert seld brennevin på gardar attmed kirka og i hyttar som kræmarne har bygd attmed leirkane. Det vart også seld brennevin på kirkegarden, ja til og med i kirkedøra. Ja, der skulle også vera prestar som dreiv brennevinshandel, og handlarane frå Trondheim, som dreiv handel på Nordland, klaga offentleg over at prestar dreiv slik handel. Noko så gale var det ikkje i Namdal, men også her fann von Westen grunn til å klaga, og han vendte seg åt øvrigheita for å få hjelp. Den 1. februar 1723 vart det sett ein rett på Himo, administrera av skrivaren Rasmus Moss med 8 laugrettemenn. Futen Melkior Meyer var tilstades, likeså Thomas von Westen. Han bar fram frå kollegiet ei klage over korleis finnane vert forførte til å drikka brennevin og øl når dei kommer åt kirkane i Namdal. Der ligger krohus attmed kirka, og når finnane kommer for å gå til alters så < understår mange sig til å selge dem sterk drik til overflødighed» Folk frå bygden har ført en mengde brennevin til finnane. Også snåsningane reiser til fjellene i Overhalla med brennevin og tobakk Det er såleis vanskar med å få gjort noko med finnanes oppsedning då «de arme skrøbelige sjæle ere overalt omspændte med forargelse udi sine egne fjelde eller udi bygden eller kirken». Han vender seg difor til den kristelege øvrigheit på staden og visar til kongens befaling i misjonskoliegiets instruks av 19. april 1715 om «alle standspersoners villighed» til å stydja misjonsarbeidet. Han håper difor også at «vel bemeldte øvrighed ville føie den eftertrøkkelige anstalt hvorved sådanne satans hindringer i mod dyrekjøbte sjæles frelse måtte borttages og ganske afskaffes. Det viste seg at såsnart ein finn var forført til drukkenskap, då er han < optændt av uren lue straks til at begynde sine trollmesser». Sådanne <satans kapeller» ved kirkene må difor avskaffast så finnane kan «have kirkefred og tingfred og bygdefred og hyttefred». Det må bli forbode både for overhallinger og snåsninger å fare omkring i fjellene med brennevin og tobakk. <Ingen nordmand bør understå sig og selge eller skjenke nogen finn brenvin eller annen sterk drikke. Vidare ville han formana den kristelege almue til aldri å forakte og forhåna dei arme finnane. Dei er likeså dyrekjøpt som andre, men dei har hittil ofte vore handsama som hundar. Framfor alt må kristne ikkje < søke behag> i finnanes runeri. Han bad øvrigheita om at der måtte bli forbod mot den ukristelige skikk at finnane på heidensk vis vert gravlagt i fjella. Når bygdefolket hadde finnar i tenest, burde dei tilhaldast ikkje Å handsama dem som < heidningar og bester, men at < besørge deres undervisning og kristendom således som de agter for øvrighed og sjælesørger at forsvare> . Tilslutt bad lektoren om øvrigheita ville hjelpa til og hindra finnane i < uden noget vist arbeide og næringsmiddel udi afgudisk ørkesløshed» flakker om frå sted til sted. Av slikt hadde ein berre dei syrgjelegaste fruktar. Så takka von Westen for den hjelp øvrigheita allerede hadde gjeve og håpa på stønad framover. Almugen på tinget sa frå, at deira ynskje var < at brenvinshandel og øltapperi såvel for dem som for finnene ved kirkerne måtte blive afskaffede såsom sådant her tildags har forårsaget, at mange allerede er gerådne udi armod og fattigdom med videre og er befryktende at flere herefter derudi skal geråde».

Thomas von Westen reiste frå Namdal over Heia til Snåsa den 9. mars 1723. Her var han på Krogsgården ein heil månad. Her fekk han samla så mange finnar at han måtte ta P. J. Muus, misjonæren, til å hjelpa seg. Frå Snåsa reiste han 10. april, og etter å ha vore ein tur til Verdalen kom han til Trondheim den 5. mai. - P. J. Muus heldt fram som finnemisjonær i Lierne og Helseth heldt fram med misjonsarbeidet mellom finnane i grensebygdene mot Harran. I 1725 var Helset i Vefsen, men seinare kjem han attende til Namdal i misjonstenesta.

Thomas von Westen la ned eit stort og godt arbeide som misjonær for finnane. Han tok oppgåva alvorleg, men etter det som er nemn om dette arbeidet, har det vore mange og store vanskar å møta. Finnane var eit konservativt folkeferd å arbeida med, då dei hadde tungt for å sleppa si gamle tru,og så ser det ut som bygdefolket prøvde å driva forretningar med finnane og brukte brennevin som byttemedel, noko som etter det von Westen heldt fram på tinget på Himo, gjorde sitt til at finnane vart vandare å ha med å gjera. Men når han fekk heidersnamnet «Finnenes Apostel» var det fordi at arbeidet han hadde sett store merkjer etter seg og namnet vel fortjent.

Men det tok kanskje noko tid før at finnane vart heilt kristne då det heiter at dei dyrka sine heidenske gudar ilag med kristentrua. Men dei kom åt kirka med borna for å få dei døypt, og deira avlidne vart meir og meir ,gravlagt på kirkegårde ter at det omkring 1740 vart ei meir fast skuleordning, vårt det tilsett skulemeistrar for finnane, og dei gjorde mykje til at kristendommen vann meir og meir fram hjå finnane. Men den som gjorde mest for kristendommen mellom finnane i Grong prestegjeld var presten Hans Peter Schnitler Krag, etter åt han i 1820 vart prest i Grong. Han tok tur opp til Røyrvik i fleire år, der han underviste finnane i kristendomskunnskap og heldt gudstenest åt dei. Han vann dei så heilt, at då han i 1830 vart prest i Vågå og måtte reisa frå Grong, syrgde alle på honom.

Talet på finnar har minka noko i Namdal år om anna. Dei som ikkje har greidd å halda ein stor besetning av rein, har hatt vanskar med å slå seg igjennom, og dei har teke til med anna yrke. Sume har gått over i bondeyrket som tenarar, og det fins dei som har vortne anleggsarbeidarar o. 1. Desse har tilslutt gått ut av stammen. Dei som har halde stammen oppe er dei finnane som har vore best økonomisk situert og som har halde på den lappiske tradisjon med stor besetning av rein og som har gått i dei fotafar som finnane frå gamalt har gjort med nasjonal bunad og nasjonal livemåte. Riktignok har finnane meir og meir slutta med å bu i gammer om vinteren. Istaden har dei bygd seg vinterhus eller dei har fått vinterkvarter hjå bønder, der det kunne vera laglege hus ledige. Å bu i gamer vinters tid kan vera ei for hard påkjenning, og dei har difor meir og meir prøvd å unngå det. Dei har også mykje godt gått over til å bruka bondeklær, men sin nasjonale bunad brukar dei til høgtids og når det gjeld å representera seg som eit eige folkeslag. Den lappekommisjon som vart nedsett i 1898 anviste finnane bestemte beitestrok både for vinterbeite og sumarbeite, og frå den tid vart det også tilsett lappefutar som skal hjelpa finnane om der kan koma opp tvistar og hjelpa dei i alt som vedkjem reindrifta og dei sosiale rettigheiter som dei som nomader har krav på å behalda. Den fyrste lappefuten i Namdal var lensmann Brede, Snåsa. Etter honom vart I. Ornæs, Røyrvik, lappefut.